AV A.KRISTIAN STIGEN.
Gjenngitt av Jan Lars Nesje.
Når vi vurderer buckfastbiene og den populasjon av buckfastbier vi arbeider med og som BRODER ADAM har avla fram, har vi lett for å fôrstille oss at denne bia vart til ved at han krysset liguriske dronningar med dronar frå den stedeegne brune bia i England, og ”sims-a-la-bim” så hadde han buckfastbiene. So enkelt var det nok ikkje. Det tok mange år før denne krysningpopulasjonen var rimeleg stabil, og kunne kallast ein stamme eller stabil populasjon. Det var ikkje før i 1925 at parestasjonen på Dartmoor vart oppretta, og han kunne få til kontrollert paring. Broder Adam har sjølv fortalt at fr 1930, var biene ved Buckfast ikkje annleis enn hvilken som helst andre krysningskier. Spesielt var dei veldig aggresive og ustabile, men det viktigaste for ham på den tida var at dei var resistente mot trake-midd. Det var faktisk først på 50-tallet, altså 30 år seinare, og etter at Broder Adam hadde hatt sine første reiser og samla avlsmaterialet, at buskfastbiene ble ein stabil populasjon med eigenskapar sli vi kjenner dei i dag.
Då Broder Adam overtok leiinga ved klosterets bigard i 1915, var det på eit kritisk tidspunkt. I 1905 hadde ein nemlig på øya Wight oppdaga ein ny sjukdom på biene som ble kalt”Isle of Wight”-syke, og som vi kallar trake-midd.
Sjukdommen kom til Devon i 1912, men i klosterets bigard såg ein ikkje noe til sjukdommen før utpå sommaren og hausten 1915. I klosterets bigard var det våren 1916, kunn bifolk med arv frå krainer og italienardronningar som var i live. Alle dei andre bifolka med stadeigne brune bier hadde bukka under på grunn av midde sjuka.
Buckfastbienes
grunnarv.
Før Broder Adam sin tid i bigarden, var birøkta ved klosteret basert på honningproduksjon. Mesteparten av honningen gikk til produksjon av mjød. For å få mest muleg ut av kvart bifolk, kjøpte dei italienar- og krainerdronningar. Dronningar dom dei sjølv avla, vart tilfeldig para med dronar frå denne blandingspopulasjonen. På denne måten fekk dei bifolk med heterosiseffekt, eller krysningsfrodigheit, som gav større honningutbytte enn den reine brune bia. Alt ved århundereskifte hadde dei både krainer og italienardronningar i klosterets bigard. Italinarbiene på den tida var ei lærbrun mørk bie frå Nord-Italia (Apis mellifera ligurica).
Broder Adam har fortalt at like til 1920 var dei avhengige av dronningar både frå Slovakia og Italia. I 1920 fekk dei også dronningar frå Kypros. I 1919 oppstod det imidlertid ei endring, idet ei italienardronning dei sjølve hadde avla, og som vart tilfeldig para med dronar som stamma frå dei stedegne brune biene, viste framragande eigenskapar. Disse eigenskapane representerte det beste hos begge rasane. Denne dronninga som var ei førstegangskrysning, F1, fekk betegnelsen B1, og vart fundamentet i den bipopulasjonen av buckfastbier vi har i dag.
På dette stadium i utviklinga viste Broder Adam lite om foredling av bier. I 1920 fekk han tilfeldigvis tak i eit eksemplar av ei bok skreve av professor L. Armbruster: ”Bienenzuchtungskunde”. Boken bellyser dei teoretiske aspektar i bruken av Mendels lov, i forbindele med foredling av bier. Boken la det teoretiske grunnlaget for Broder Adams avlsarbeid, og vart av uvurderlig betydning for avlsarbeidet ved Buckfast i dei påfølgjande år.
I 1923 og 24 er første gang Broder Adam anvender samanparing etter Mendels lov. Han brukte den på to søsterdronningar, B2og B3. B2ogB3 var døtre av B1. I 1925 vart parestasjonen på Dartmoor oppretta og har vore i kontinuerleg bruk sidan.
Broder Adam avlsmåte
og paringsteknologi.
Buckfastbiene er meir ein avlsmåte, enn ein eigen rase. Buckfastbiene er ein avlspopulasjon der ein anvender Broder Adams avlsmåte og paringsteknologi. Hvilken bipopulasjon man anvender den på, har ingen betydning. Prinsippet er at man velgjer ut to dronningar med eigenskapar man ønskjar å kombinere. I birøkt er det ikkje berre dronninga som vurderast, men kanskje i større grad hennar avkom. Den eine dronninga blir mor, den andre far i ein kombinasjon eller samanparing, idet at man avlar døtre frå moren som parast med dronar som produserast av døtre til faren. Ved ei slik samanparing har man ei mor og ein far å forholde seg til, og man kan sette opp stamtavler, hvorfra man kan lese avstamning og arv. Dette er teoretisk, men det fungerer fobausende bra. Imidlertid er det visse vurderingar og omsyn ein må ta, om ein slik kombinasjon skal bli vellukka.
Teorien bak ein slik samanparing eller kombinasjon blir av dei fleste genetikara ikkje aksepert. Imidlertid fungerer den i praksis, og det veldig godt, slik at man har bra styring med eigenskapane, og kan overføre dei frå ein populasjon til ein annan. Ein slik styring av eigenskapar er av den aller største betydning i eit avlsarbeid. Dette er Broder Adams avlsteori, som forbausar alle som anvender den rett.
Alle dronningar som anvendes i avlen er merka og er para med dronar med arv frå ein far. Dronningar som ikkje har merke, eller som man ikkje kjenner avstamninga til, anvendes ikkje utan vidare i avlen.
Ved innkrysning av nye eigenskapar i ein eksisterande populasjon, er det viktig at grunneigenskapane ikkje blir fôrringa eller forsvinner. Men at dei nye eigenskapane som krysses inn, forbetrar populasjonen med nye nyttige eigenskapar.
Innkrysning av
eigenskapar begynner.
Broder Adam sakna mange gode eigenskapar i dei buckfastbiene han var komen fram til i tjueåra, eigenskapar som fans i den gammalengelske bia, som er ein stamme av den vesteuropeiske bia (A.m.mellifera). Han søkte derfor over alt på dei Britiske øyer og Irland, for om muleg for å finne restar av den gammal engelske bia, slik at han kunne overføre fleire av dei gode eigenskapane til buckfastbia, men forgjeves. Han hendvente seg då til Frankrike, og tok med heim til Buckfast ei fransk dronning i 1929. Den franske bia er ein annan stamme av den vesteuropeiske rase. Døtre frå denne dronninga vart para med buckfastdronar. Denne krysninga avla han på i sju år før den fekk buckfaststatus. Den tilførte buckfastpopulasjonen mange nye verdifulle eigenskapar.
Broder Adams
reiser:
Det var ikkje før etter 1950, etter at Broder Adam hadde føreteke fleire studiereiser, at buckfastbiene fekk dei eigenskapane dei er så kjende for i dag, med stor stabilitet og sitt rolege gemytt. Det var først når Broder Adam fekk studere miljøet som dei forskjellige rasane hadde utvikla seg i, og han kunne ta ut avlsmaterialet sjølv, og at den store framgangen kom.
På alle desse reisene valde Broder Adam ut dronningar som han kunne sende heim til Buckfast. Dronningane vart ikkje kryssa inn i buckfastpopulasjonen umidelbart, men vart halde under observasjon. Han vurderte disse dronningane brukt som eigen rase, som krysningar, og hvilken nye verdifulle eigenskapar dei kunne tilføre buckfastbiene. Når han fann ei dronning med eigenskapar som ville kunne forbetre buckfastbiene, brukte han disse dronningane på mors eller farssida i ein kombinasjon av buckfastbier. Vanlegvis gikk det sju år før disse krysningane kunne gå inn i buckfastpopulasjonen, og kvar gang tilførte dei buckfastbiene nye verdifulle eigenskapar.
Broder Adam føretok titals muligens hundrevis av kombinasjonar med buckfastbier og andre rasar, men berre dei som gav etterkomarar som gikk inn i hovudstammen, går fram av dei stamtavler vi har tilgang til.
Den greske og den
anatolske birase:
Den greske bia (A.m.cecropia) har mange gode eigenskapar og er den rasen som har gjeve både det gode gemyttet og stabiliteten til buckfastbia. Den første greske dronninga vart tatt til Buckfast alt i 1952, men først i 1959 vart ei gresk dronning G283, avla inn i ein kombinasjon. Denne krysninga vart brukt på farssida i 1963, då hadde den betegnelsen G311, altso ikkje status som buckfast.
B436 har 50% arv frå G283, G311 har altso 50% arv frå G428 og 25% arv frå G283, og dermed 75% rein gresk. Ein annan gresk kombinasjon som vart brukt på farssida i 1970 er G425. Den har denne stamtavlen:
Her skal vi merke oss at B398 har 50% rein anatolsk arv, frå ei anatolsk (A.m.anatolika) dronning A442, som vart tatt heim til Buckfast tidleg på 60 tallet. G425 vart brukt på farssida i 1968, i ein kombinasjon som fekk betegnelsen A163. Denne dronninga var Broder Adams beste avlsdronning nokon sinne. Den har 25% anatolsk arv, 25% gresk arv og 50% gamal buckfast arv. Ei rekkje framragande kombinasjonar kom til ved A163 som mor og hennes døtre, især: A200, A420, B233 og B335. Legg merke til at B233 og B335 har buckfast status.
Her skal vi merke oss to dronningar, B336 og B424, som faktisk la grunnlaget for buckfastavlen i Sverige, og langt på veg også her i Noreg. Disse dronningasne har kvar sin søster som mor, A200 og A420, men same far, B233. Tross dette var dei ganske ulike, B366 var gule mens B424 var mørkare. Alle dronningane vi har fått i frå Sverige og Buckfast har arv frå disse to dronningane.
`73-A163xB421:
`68-A149xG425:
`65-A133xB255:
`63-A416xB436: etc.
`71-A163xB364:
`68-A148xG425: etc.
Legg merke til at B233 er ei søster til A200 og A420.
Både B366 og B424 stammar frå ei anatolsk dronning, A416, som kom frå Sinop i Tyrkia i 1963. Dei anatolske dronningane er den rasen som har gjeve mest til buckfastbiene, m.a. nøysomheit, svermetregheit, lang levetid, god stadsans, overvintringsevne, gode samleeigenskapar m.m.
Innkrysning av
dronningar med egyptisk og sahariensis arv.
Tidleg på 70 talet fekk Broder Adam fleire dronningar frå Tyrkia, m.a. A25, ei sinop dronning og A3 ”Balci” (Dr. Fuad Balci, tekn. Rådgjevar ved jordbruksdep. I Ankara). Arv frå disse dronningane gjekk inn i buckfastpopulasjonen i Sverige, og som vi har fått avlsmaterialet frå. Arv frå ei egyptisk (A.m.lamarkii) dronning F1, teke heim til Buckfast i 1967 er avlet inn i populasjonen, m.a. i B427. Denne dronninga finnes i våre stamtavler.
I 1981 tok Broder Adam heim frå Hellas ei ny dronning frå halvøya Athos, T2 rein atos. Det fins arv frå denne i vår H8611 og H8744, som vi fekk frå Sverige i 1987 og 1988. Arv frå disse to dronningane finnes i bifolk med topp utbytte hos fleire av medlemmane av BUCKFAST-KLUBBEN. Døtre av T2 vart para med dronar frå ei buckfastlinje som heiter B265. Denne linja har 25% egyptisk arv. Far til H8611 er B121, denne linja har også egyptisk arv på morssida. Mor til H8611 heiter H8551, den har egyptisk arv på farssida.
I 1987 vart ei linje PS8506 brukt som dronelinje i Frafjord, den har litt sahariensis arv(A.m.sahariensis). Linja vart tatt heim til Buckfast i 1962
Sjølv om både den egyptiske rasen og sahariensis, har lite økonomisk verdi som eigen rase har dei bedrege til at buckfastbiene har fått tilført nye verdifulle eigenskapar.
Den populasjon av bier vi arbeider med og som vi kallar buckfastbier, har arv og genar, som vi har sett, frå ei rekkje forskjellige rasar og stammar. Bifolka eller linjene vil variere etter kor mykje arv dei har fått frå dei innekryssa rasane. Imidlertid skal vi vere oppmerksam på at hovudarven er grunnarven frå Buckfast, som er den italiensk-liguriske rasen krysset med dei gammalengelske brune biene. Denne krysnings grunneigenskapar er behalde uforandra, sjølv om andre rasar er kryssa inn. Dei nye rasanes eigenskapar, som det var muleg å overføre til buckfastpopulasjonen, er tilleggseigenskapar som har gjeve buckfastbiene nye nyttige eigenskapar, som har gjort dei betre.
Utviklinga av buckfastbiene skal fortsette både ved Buckfast og her heime, men vi må alltid ha ein populasjon der grunneigenskapane forblir uforandra.