Buckfast dronningar.
På grunn av påvist trakemidd i ein nabobigard er det slutt på avl av Buckfastdronningar for salg, utenom Sogn og Fjordane.
I dette området blir Buckfastdronningane produsert og para, biletet er frå eit verna område i Flostranda på Flo i Stryn kommune. Biletet syner Lindeblomstring, med Oppstrynsvatnet og Erdalen i bakgrunnen.
Denne typen bier, er ikkje er ein eigentleg rase, men ein avlsmetode som den kjende munken og birøktaren BRODER ADAM har avla fram ved systematisk avlsarbeid ved Buckfastklosteret i England. Det er ein kombinasjon av fleire rasar der dei gode eigenskapane er arvefesta gjennom utval over mange år.
Belgiske Jean-Marie Van Dyck, har laga ei fleirspråkleg heimeside om BRODER ADAM. På denne sida finn du mykje nyttig stoff om avl av Buckfastbier Du finn også ei liste over Buckfastavlara og parestasjoner i Scandinavia. Adressa er: http://www.fundp.ac.be/~jvandyck/homage/

Jan Lars Nesje.
Postadresse 6783 Stryn.
Telefon 57877541 eller mobil: 41206028