HONNING og HONNINGKAKER
Foto: Røsslyngblomster og Røsslynghonning på glass.
Biene har gjort sitt no gjer vi vårt, med å selje honning i stort og smått.
Honning er eit reint naturprodukt, som har ulik smak, farge og konsistens alt etter kva type plantar nektaren kjem frå.
Sommar honning:
Honning frå hovudsakleg Frukttre løvetann, geiterams, bringebær og kvitkløver, men der er også
nektar frå dei fleste planter som blomstrar om sommaren og som vi ikkje klarer
å skilje frå kvarandre.
Lind honning:
Lindehonning kjem frå blomster på Lindetre, linda blomstrar på eit
tidspunkt då det er lite andre blomster. Blomstrane er rike på nektar, difor
konsentrerer biene seg kunn om lindeskogen. Honning frå Lind gir ein heilt
spesiell smak som ikkje kann samanliknast med vanleg sommar og lynghonning.
Røsslyng honning:
Røsslyng er ein plante som veks over heile landet, men dei største og frodigaste førekomstane finn vi ved kysten, røsslyng gir ein noko mørk honning, med kraftig smak.
Lækjedom i ein drope honningDet går verkeleg an å nedkjempe det vonde med det gode, har forskarane funne ut. Illsinte bakteriar som motstår alle slags antibiotika behandlingar, må gi tapt for ein liten skvett honning.Alle som er interesserte i kjerringråd, helsekost eller naturmedisin, kan fortelje deg at honning er sunt og motverkar forkjøling og infeksjonar. Heilt frå Oldtids-Egypt og endå tidlegare har honning vorte brukt til å lækje sår og infeksjonar. Forskarar i New Zealand har nyleg prøvd å finne ut om det verkeleg er sant at honning lækjer sår og drep bakteriar, og korleis dette i tilfelle skjer.
|
|
Honning er sunt! Honning gjer godt!
Med HONNING får du ein god start på dagen!
Tips: Grovbrød med TINE smør, legg på ei tjukk skive med TINE gamalost frå Vik i Sogn, landets einaste gamalost meieri. På toppen av dette eit lag med HONNING helst sommarhonning, frå BREHEIMEN NATURPRODUKT!
Sommar honning: 750gr. Røsslyng honning: 750gr. Lindhonning: 450gr Utsolgt.
Pris kr. 80.00 pr boks for lynghonning og sommarhonning, Lindhonning kr. 80,00 pr. glass.